Bygge og bo muligheter : klikk på Grytastranda øvst på venstre side !


Grytastranda Plassen du berre må bu
post@grytastranda.no

Kjekt at du ville besøke sida vår ! Legg gjerne igjen ei helsing.

Klikk på coments og du vil kunne lese innlegg eller skrive kommentarer og helsinger

Kommentar (11)

Velkommen til våre nye internettsider, her vil du etterhvert finne all informasjon om hva som til enhver tid foregår på Grytastranda. 


Grytastranda

Ein god plass å bo - og vi har god plass til fleire !

Bygda vår ligg i Haram Kommune, sydvendt og idyllisk til langs Grytafjorden, med flott utsikt mot " Sunnmørsalpene ". Utan fjell som stengjer mot sør har vi sol heile året , også dei mørkaste vintermånadane. Her er gode muligheiter for allsidig friluftsliv i flott natur, anten ein trivast på fjellet, eller på sjøen. Bygda har mange aktivitetsmuligheiter for barn, unge og vaksne. T.d. familiespeiding, aktivitetsklubb, skulekorps og idrettslag. Her finst dessutan eit aktivt helselag, linedanceklubb og revylag.


Grytastranda ligg sentralt til med kort veg til arbeidsplassar, handel eller til flyplass. Det er ca 15 min med bil til kommunesenteret Brattvåg, 5 - 10 min til tettstaden Søvik, 30 min til handelsstaden Moa, 45 min til Ålesund by og 45 min til Vigra flyplass.

 Bygda har fleire fiskeribedrifter, mekanisk bedrift og fleire banklinebåtar høyrer heime her. Og innanfor 15-20 minutts reise er det såleis tilgang på svært mange arbeidsplasser, henholdsvis maritim industri.

Grytastranda har eigen barnehage og skule. Skulen vår er sjølve hjertet i bygda og er såleis samlingsplass for bygdafolket. Her feirer vi 17 mai, og her vert det i regi av skulen, FAU og andre lag, arrangert ei rekke bygdafester t.d kunstkafe, adventsfest med servering av potetball, julefest, Grytastandfest, bacalaofest m.m (sjå billedgalleri )

 På skulen legges det vekt på eit inkluderande skulemiljø der vaksne og elevar tek vare på kvarandre. Vi har eit svært godt samarbeid mellom skulen, foreldra og lokalsamfunnet, noko som visast gjennom stort engasjement på dugnadar, fester og prosjektarbeid der foreldre og bygdafolk deltek. Det vert lagt opp til læring på fleire læringsarenaer t.d er nærmiljøet og skulen sitt uteområdet mykje brukt. Skulen har eit unikt uteområde med t.d skulehage, leirplass, stor fotballbane og mykje skog for leike og lære. (sjå link til skulen) Ved skulen vår vert det og lagt stor vekt på leseopplæringa der ein nyttar opplegget " Leselyst " samt at ein har oppretta eit språkverkstad. På skulen har vi eit rom som er innreia til bygdastove der lag og organisasjonar har møta sine. Grendastova og uteområdet er bygd opp på dugnad.


Vi har god plass og mykje fin natur som vi ynskjer å dele med andre !! I bygda generelt er det muligheit for spreidd bebyggelse, men i tillegg er her eit kommunalt / privat byggefelt. Gjerset byggefelt har 20 byggeklare tomter til ein pris på 140000 kr. inkludert alle tekniske anlegg. Frå dette byggefeltet går det ein sti opp til Gjersetdalen, eit av dei mest nytta friluftsområda i Haram kommune. Her held ein no på å bygge Gjersetdalen Villmarksområdet - eit aktivitetssenter for barn og voksne , funksjonsfriske og funksjonshemma.

Grytastranda er ei bygd der folk har omsorg for kvarandre og der dugnadsånda fortsatt lever. Her er ein trygg og god plass for både barn og voksne.

Er du på utkik etter ein fin plass å bosetje deg med familien din, så kom gjerne til oss !

                                 Ta kontakt med ein av oss i bygalaget.

                    (Namn , e-post og telefonnr ligg under   "Kontakt oss".) 


Høgstølstemnet 2010

les mer på grytanytt

Bygda vår ligg i Haram Kommune, sydvendt og idyllisk til langs Grytafjorden, med flott utsikt mot "Sunnmørsalpene".